MENY

    

aktuelt

HAKALLEGARDEN PÅ INSTAGRAM OG FACEBOOK

opplev hakallegarden

 

Ønsker du å kome til Hakallegarden med ei gruppe/bedrift, tilbyr vi ulike pakkar som inkluderer aktivitetar og servering. Her er eit flott uteområde, og er veret ruske, held vi til med aktivitetar inne i den store grindløa. Kik på linken og les meir, eller ta kontakt, så skreddarsyr vi saman eit opplegg kun for deg og di bedrift.

I smarbeid med deg som kunde, tilrettelegg vi aktivitetar til alle type grupper. Det vere seg staurflytting, høneløp, pil og boge, eller topptur med lamajentene for å nevne noke. Det meste av aktiviteten flyttar vi innandørs i den store grindløa om veret er ruske. For dei som treng overnatting, har vi inne- eller utandørs lavvocamp, teltplass, eller ein glad happycamp med tre retrovogner ved Hakalledammen. Ellers samarbeider vi med overnatingstadar i området. Sjå på nettsida for meir info, eller ta kontakt for ein prat.

Inne i løda finn du kaféen og butikken på Hakallegarden. Her serverer vi kortreiste godsaker som heimelaga burger, bacalao, gode gardskaker, og anna godt. I butikken finn du m.a lokalmat du kan kjøpe med heim,  gode alpakkasokkar, og glade interiørprodukt som t.d melamin frå danske RICE. Ein del av varene finn du på nettbutikken vår - sjå her.

 

 

opningstider

Vi har ope kvar laurdag og søndag året rundt, 12:00-18:00.
Kvar dag i sommarsesongen.
Følg med på vår Facebook side for ekstra ope i høgtider.

prisar

Barn under 2 år: Gratis
Barn/vaksen: kr 90,-
Dagsbill. familie: kr 360,-
Årskort person: kr 190,-
Årskort familie: kr 590,-

kontakt

Adresse: Hakallestranda, Vanylen
Tlf: Aina 900 68 996
      Olav 971 92 066
E-post: aina@hakalle.no 

Ⓒ Hakallegarden 2015 Design & CMS: Osberget AS