MENY

logo_hakalle_web.png

    

Vi vel halde stengt fram til haustferia

Årsaka er at utgiftene vert større enn inntektene. Vi opnar onsdag 7/10, og held ope ut den vek fram t.o.m. søndag

Om du skulle undre deg over kvifor vi ikkje held ope heile haustferia, har dette si forklaring i at ein organsiasjon har leigd garden dei fyste dagane i feria. Vi håper å sjå deg dei andre dgane i haustferia :-) Hjertelig velkomen <3

søndagsope

Så langt vi får bemanning, held vi ope søndagar no i haust.

Grunna kostnadskrevande covid-19 tiltak, har vi begrensa opning til kun søndagar. Dette fordi det er den dagen vi har mest gjestar.

Vi tek som vanleg imot grupper utanom opningstid.

opnar 4. juli

Grunna covid-19 får vi ta inn begrensa med gjestar, og billettar må førehandsbestillast. Booking er snart klart.

Dei som har årskort kan møte opp og registrere seg ved inngangen.

Tidsrom: 4/7 - 9/8

Dagar: onsdag - søndag

Tidspunkt: kl. 12 - 18

KORONA

Hakallegarden er foreløbig stengt grunna koronasituasjonen

Regjeringa har no sagt at fornøyelsesparkar som vi kjem under, kan opne frå 1.juni. Pr. idag er det ikkje retningslinjer på kva dette inneer av smittevernstiltak/krav.

Det er mange spørsmål vi må ha svar på. Hesteriding, hjelmar, kan ein kose med dyra, traktorkøyring,  kva må vi gjere rient, og kor ofte, er berre nokre. Og kva gjer vi med 1m regelen som vert vanskeleg å halde med så mange ungar...Vi ventar på nærare info frå regjeringa og vidare rettleiing frå kommunleg og smitteleiinga.

Det er svært kjekt at mange har lyst til å besøke oss no, men eg set pris på om alle kan følge med på informasjonen på sidene våre istaden for å sende meldingar. Det vert svært mange å svare på kvar deg :-)

Pr. idag så veit vi altså ingenting. Vi må berre avvente informasjon frå regjering og kommuna, slik at alt går rett føre seg. Det er det viktigaste no :-) 

open gard 2. helg i desember

Velkomen til juleverkstad og julemarknad

Laurdag 7. desember vert det juleverkstad for små og store i nede grindløda på Hakallegarden. Vi snikrar, spikrar, skrur, maler og limer, og verkstaden passar supert for både ungar, mammaer og pappaer :-) 

Søndag 8. desmber inviterer vi igjen til julemarknad. Det vert spennande boder nede i grindløda, og matservering oppe i kafèen. Velkomne til triveleg førjulsstemning på Hakallegarden!

Stengt fram til 2. helg i desember

Foto: Kristoffer Ytterland / meirenntusenord.com
Foto: Kristoffer Ytterland / meirenntusenord.com

Ope for grupper året rundt.

Ope kvar laurdag og søndag frå påske, t.o.m. haustferia

Ope alle skuleferiar - vinter, påske-, pinse-, sommar- og haustferie

Stengt 1. mai, 1. og 2. juledag, 1.nyttårsdag

sleppfest med maria parr

mariaparr_kopi.jpg

"Keeperen og havet" Lena og Trille er tilbake!

Laurdag 19. august 2018 kl. 15.00 er små og store lesarar hjertelig velkomne til lanseringsfest. 

Vi gler oss stort over at Maria er ute med ny bok, og sjølvsagt er det stor stas at ho vil ha festen akkurat her på Hakallegarden. Det vert lanseringsfest med alt som høyrer med. Forfattaren sjølv les, gode vener spelar, og det vert sal av rykande feske bøker. Ta med deg gode venner og kom!

nye billettprisar

Vi har frå denne sesongen valgt å endre billettprisane, og fjerne familiebilletten.

Vi valgte å ha ha ein familiebillett for at det skulle vere muleg for store familier og kome hit. Dessverre viser det seg at mange utnyttar denne billetten og vil ha inn heile slekta si på den. Vi har derfor valgt å ta vekk denne billetten, og heller sette ned prisen på dei vaksne.  I tillegg til jobbar som vi har ved sida av garden, er det billettane som er hovudinntekta vår som gjer at vi kan halde garden open for besøknade. Så skulle du lure på kvifor den ikkje finnast lenger, så er altså det grunnen :-) Dei nye prisane står nederst på kvar side.

Endring i opningstidene

Foto: Meirenntusenord.com
Foto: Meirenntusenord.com

Mange jobbar, for korte døgn, og meir tid til kvarandre, gjer at gardsfolket har bestemt seg for å korte inn på "vanlege" opne dagar. Grupper/bedrifter må ta kontakt for besøk når dei måtte ønske.

Vi har i fleire år hatt ope kvar helg og alle feriar året rundt. Med skulejente i hus får vi aldri fri saman, og har derfor valgt å korte inn på helgaopen gard i lågsesongen. Opingtidene vert som fylgjer:

Alle feriar (vinter, påske, pinse, sommar, haust, jul)

Kvar helg frå påske t.o.m. haustfeira

STENGT 1. mai, 17 mai, 2 juledag og 1 nyttårsdag

HAKALLEGARDEN stengt 1. mai

Velkomne til gards!! Foto: NRK/Arne Stubhaug
Velkomne til gards!! Foto: NRK/Arne Stubhaug

Men velkomen hit i helga :-)

Sjå episode av Marit og dyra 1 her

romjulsope

images.jpeg

Vi har tradisjon tru ope frå 3.juledag t.o.m. 30 desember. Er det ruske, rid vi nede i grindløda. Dyra kosar seg innomhus, og det gjer vi også :-) VELKOMNE! 

 
Ⓒ Hakallegarden 2015 Design & CMS: Osberget AS