MENY

logo_hakalle_web.png

    

hakalle_087.jpeg
livet på hakallegarden

Frydefull barnelatter rungar frå lasteplanet på ein gamal gråtasstraktor som tøffar forbi. Ved steingarden brekar ei mohairgeit nøgd, halvsovande i fanget til to nye bestevener.

Det gjev ei heilt eiga ro å ha nærkontakt med dyr, og på Hakallegarden kan du treffe kattungar, hestar, alpakka og mange andre trivlege skapningar. På besøksgarden kan du sanse livet på landet, og året rundt kan store og små leggje helgasturen til den flotte Hakallestranda. Her kan du bli betre kjent med dei firbeinte, ta ein matbit i den koselege kafèen, kjøpe spennade interiørprodukt og silkemjuke alpakkasokkar.

På varme sommardagar er turen kort mellom Hakallegarden og den innbydande langstrekte sandstranda på Sandviksanden. Her vert sommarkvelden fullkomen med solnedgangen i havgapet. Hakallegarden tek også imot bedrifter og grupper i alle aldrar utanom ordinær opningstid

 
Ⓒ Hakallegarden 2015 Design & CMS: Osberget AS