MENY

logo_hakalle_web.png

    

grupper og bedrifter
Hakalle_Grupper.jpg

MØTELOKALE / DAGPAKKAR

Sunnmøre sitt mest spennande kurslokale finn du i løda på Hakallegarden. Her er det plass til ca 100 stk, og vi har alle nødvendige tekniske hjelpemiddel som trådlaust nettverk, prosjektor, storskjerm m.m. 
Kaffi/te, forfriskningar og omvisning er inkludert i dagpakken. Vi er stolte av å kunne servere rein, sunn lokalmat til dei besøkande på Hakallegarden.

DAGPAKKE :
Møtelokale med teknisk utstyr
Kaffe/te heile dagen
Frukt/kjeks/nøtter heile dagen
Varm lunsj
Mineralvatn
Dessert/kake
Omvisning

Pris per person kr 495,- inkl. mva

Eksempel på gardspakkar vi kan tilby -

GØY PÅ LANDET

  • Ureist alpakkagryte, lokal drikke og ande godsaker
  • gardsquiz
  • konkuranse med t.d høneløp, staurflytting, trilleborekøyring, hesteskokasting, pil og boge
  • lødedans

TIL FJELS MED LAMA-LILLIAN OG HESTANE

  • Gråtass fyller hengaren og køyrer turfolket fram i Sandvikdalen
  • Lama-Lillian og hestane ber god kortreist mat og drikke til Nystøylhornet. Flott tur med enkel tilkomst uansett fjellform. På toppen er det panoramautsikt til havs, øyane, til fjordane og Vanylvsalpane. Sjå link til rundskue på Nystøylhornet her:

www.rundskuer.no

  • Vel tilbake ved fjellvegen i Sandvikdalen står Gråtass klar med forfriskningar og skyss for den som ønsker det. For dei aller sprekaste er ikkje turen lang ned bakkane tilbake til gards

Gardsfolket og dyra ynskjer alle

VELKOMNE TIL GARDS

 
Ⓒ Hakallegarden 2015 Design & CMS: Osberget AS