familie

På Hakallegarden kan du sanse livet på landet.
Heile året kan store og små leggje helgaturen til den flotte Hakallestranda, bli betre kjent med dei firbeinte, ta ein matbit i den koselege kafèen, kjøpe fargerike interiørprodukt og silkemjuke alpakkasokkar. I tunet rulsar dyra rundt ilag med gjestane, medan Gråtass og hestane tek ungane med på tur. Og pass på svela di! Høna Tante Brun elsker slike godsaker, og stussar ikkje i å rappe til seg ei i ny og ne - om ikkje du deler då :-)
På varme sommardagar er turen kort mellom Hakallegarden og den innbydande langstrekte sandstranda på Sandviksanden.
Hakallegarden er vanlegvis open kvar dag i alle feriar, men grunna covid-19 må vi justere dette etter råd frå myndigheitene.

